På leit etter novembersnø

Foto: Knut Storvik

22.-24. november var 11 personer på tur til Jotunheimen på jakt etter den første snøen. med base i Lom ved Norddal turistsenter i fine hytter og leiligheter.

Vi innlosjerte oss på Norddal turistsenter i Lom i fine hytter og leiligheter. Lørdag var Sognefjellsvegen stengt, så da vart det ein tur opp mot Loftet der vi snudde før oppstigningen mot Veslloftet på grunn av snøskredfare.

- Vi trasket i den dype puddersnøen og fekk ei fin nedkøyring i snøen (og nokre riper...). På kvelden vart det på sedvanleg vis servert den tradisojonsrike tacomiddagen - som vart slukt på bravur vis, fortel turkoordinator Knut Storvik.

Søndag var det spådd tåke og noko vind, men gjengen prøvde seg på Veslbreatinden frå Krossbu likevel.

- Etter å ha køyrd heile vegen i tåke åpenbarte det seg da oss kom til Krossbu. For ein dag det vart! Flott vær, føre og selskap. Opp mot toppen starta det å blåse opp, men siden det roa seg ned mot toppen klarte vi å karre oss opp heilt til topps, fortel Knut. 

Det vart ei særs fin helg, og dersom dette held seg kan det bli eit heilt enormt godt føre. 

PS: Har du lyst til å være med neste år? Det blir same helg (20.-22 november) neste år i omtrent same området. 

Foto: Knut Storvik
Foto: Knut Storvik

Skrevet av Kathrine Lunde Solbraa 7. desember 2019